29 I hans dagar gjorde farao Neko, kongen i Egypt, ei hærferd mot assyrarkongen – til Eufrat. Kong Josjia drog ut imot han, men Neko drap han ved Megiddo med det same han fekk sjå han.
30 Mennene til Josjia køyrde den falne kongen bort frå Megiddo. Dei førte han til Jerusalem og gravla han der. Så tok folket i landet og salva Joakas, son til Josjia, og gjorde han til konge etter faren.
31 Joakas var tjuetre år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna.
32 Joakas gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som fedrane hans hadde gjort.
33 Farao Neko tok han til fange i Ribla i Hamat-landet, så han ikkje kunne styra i Jerusalem lenger. Og av landet kravde han ei bot på hundre talentar sølv og ein talent gull.
34 Så sette farao Neko Eljakim, son åt Josjia, til konge etter far hans og endra namnet hans til Jojakim. Joakas tok han med seg til Egypt, og der døydde han.
35 Jojakim betalte sølvet og gullet til farao. Men han laut leggja ein skatt på landet, så han kunne greia den summen farao kravde. Han dreiv inn sølvet og gullet hjå folket i landet alt etter som kvar var ilikna, og gav det så til farao Neko.