34 Så sette farao Neko Eljakim, son åt Josjia, til konge etter far hans og endra namnet hans til Jojakim. Joakas tok han med seg til Egypt, og der døydde han.
35 Jojakim betalte sølvet og gullet til farao. Men han laut leggja ein skatt på landet, så han kunne greia den summen farao kravde. Han dreiv inn sølvet og gullet hjå folket i landet alt etter som kvar var ilikna, og gav det så til farao Neko.
36 Jojakim var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Sebuda og var dotter til Pedaja frå Ruma.
37 Jojakim gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som fedrane hans hadde gjort.