5 Josjia sette av dei avgudsprestane som Juda-kongane hadde sett inn, både dei som ofra på haugane i Juda-byane og rundt ikring Jerusalem, og dei som ofra til Ba’al, til sola, månen og bileta i dyrekrinsen og til heile himmelhæren.
6 Han tok Asjera-pålen ut or Herrens hus og førte han frå Jerusalem til Kedron-dalen. Der brende han pålen og knuste han til støv; og støvet strøydde han på gravene åt småkårsfolk.
7 Han reiv ned husa der dei heldt til, dei mennene som dreiv tempelutukt i Herrens hus, og dei kvinnene som vov telt til Asjera.
8 Så flytte Josjia alle prestane inn frå byane i Juda. Haugane der dei hadde ofra, gjorde han ureine, heilt frå Geba til Be’er-Sjeba. Han reiv òg ned haugane der dei hadde dyrka vonde ånder, dei haugane som låg utmed porten åt Josva, byhovdingen, til venstre når ein går inn gjennom hovudporten.
9 Dei som hadde vore prestar på haugane, fekk ikkje bera fram offer på Herrens altar i Jerusalem. Men dei fekk eta usyrt brød saman med brørne sine.
10 Josjia gjorde Tofet i Hinnom-dalen ureint. Ingen skulle la son sin eller dotter si gå gjennom elden for Molok.
11 Han fekk bort dei hestane som Juda-kongane hadde vigsla til sola; dei stod attmed inngangen til Herrens hus, ikkje langt frå det romet som hoffmannen Natan-Melek hadde ut mot føregarden. Og solvognene brende han.