7 Han reiv ned husa der dei heldt til, dei mennene som dreiv tempelutukt i Herrens hus, og dei kvinnene som vov telt til Asjera.
8 Så flytte Josjia alle prestane inn frå byane i Juda. Haugane der dei hadde ofra, gjorde han ureine, heilt frå Geba til Be’er-Sjeba. Han reiv òg ned haugane der dei hadde dyrka vonde ånder, dei haugane som låg utmed porten åt Josva, byhovdingen, til venstre når ein går inn gjennom hovudporten.
9 Dei som hadde vore prestar på haugane, fekk ikkje bera fram offer på Herrens altar i Jerusalem. Men dei fekk eta usyrt brød saman med brørne sine.
10 Josjia gjorde Tofet i Hinnom-dalen ureint. Ingen skulle la son sin eller dotter si gå gjennom elden for Molok.
11 Han fekk bort dei hestane som Juda-kongane hadde vigsla til sola; dei stod attmed inngangen til Herrens hus, ikkje langt frå det romet som hoffmannen Natan-Melek hadde ut mot føregarden. Og solvognene brende han.
12 Kongen reiv ned altara som stod på taket over høgsalen åt Akas, dei som Juda-kongane hadde reist. Det same gjorde han med dei altara som Manasse hadde bygt i begge føregardane til Herrens hus. Han slo dei sund på staden og kasta støvet ned i Kedron-dalen.
13 Dei offerhaugane som låg austanfor Jerusalem, sør for Tyningsfjellet, gjorde kongen ureine. Det var Salomo, Israels-kongen, som hadde bygt dei for Astarte, den ufyselege gudinna åt folket i Sidon, for Kamosj, den ufyselege guden åt moabittane, og for Milkom, styggedomen åt ammonittane.