1 I hans dagar gjorde Nebukadnesar, kongen i Babylonia, ei hærferd. Jojakim gav seg under han og lydde han i tre år, men så gjorde han opprør.
2 Då sende Herren herjeflokkar imot han, kaldearar, aramearar, moabittar og ammonittar. Han sende dei mot Juda av di han ville gjera ende på folket. For så lydde det ordet som Herren hadde tala gjennom tenarane sine, profetane.
3 Det som hende med Juda, var heilt etter Herrens ord. Såleis ville han støyta dei bort frå seg på grunn av alle dei syndene Manasse hadde gjort.
4 Han tok då livet av så mange skuldlause menn at han fylte Jerusalem med blod. Og det ville Herren ikkje tilgje.
5 Det som elles er å seia om Jojakim og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.