14 Han førte bort alt folket i Jerusalem, alle hovdingane og rikmennene – ein fangeflokk på ti tusen – og alle handverkarane og smedane. Berre dei lågaste laga av folket vart att.
15 Jojakin førte han òg til Babylonia. Og mor til kongen og konene hans, hoffmennene og dei mektigaste mennene i landet vart tvinga til å fara frå Jerusalem til Babylonia.
16 Rikmennene, sju tusen i talet, og handverkarane og smedane, eitt tusen mann, som alle var øvde krigarar, dei òg førte Nebukadnesar til Babylonia.
17 I staden for Jojakin sette babylonarkongen Mattanja, farbror hans, til konge og endra namnet hans til Sidkia.
18 Sidkia var tjueein år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna.
19 Sidkia gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som Jojakim hadde gjort.
20 Fordi Herren var vreid på Jerusalem og Juda, gjekk det som det gjorde. Og til sist kasta han dei bort frå sitt åsyn.Sidkia gjorde opprør mot babylonarkongen.