5 Det som elles er å seia om Jojakim og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.
6 Jojakim gjekk til kvile hjå fedrane sine, og Jojakin, son hans, vart konge etter han.
7 Kongen i Egypt drog ikkje ut or landet sitt meir; for babylonarkongen hadde teke alt land som høyrde han til, frå Egyptarbekken til Eufrat.
8 Jojakin var atten år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader. Mor hans heitte Nehusjta og var dotter til Elnatan frå Jerusalem.
9 Jojakin gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som far hans hadde gjort.
10 På den tid drog mennene til Nebukadnesar, kongen i Babylonia, i hærferd mot Jerusalem, og byen vart kringsett.
11 Sidan kom Nebukadnesar sjølv dit, medan mennene hans låg ikring byen.