7 Kongen i Egypt drog ikkje ut or landet sitt meir; for babylonarkongen hadde teke alt land som høyrde han til, frå Egyptarbekken til Eufrat.
8 Jojakin var atten år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader. Mor hans heitte Nehusjta og var dotter til Elnatan frå Jerusalem.
9 Jojakin gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som far hans hadde gjort.
10 På den tid drog mennene til Nebukadnesar, kongen i Babylonia, i hærferd mot Jerusalem, og byen vart kringsett.
11 Sidan kom Nebukadnesar sjølv dit, medan mennene hans låg ikring byen.
12 Då gav Jojakin, Juda-kongen, seg over til babylonarkongen saman med mor si og mennene, hovdingane og hoffmennene sine. Og babylonarkongen tok han til fange i det åttande styringsåret sitt.
13 Nebukadnesar førte bort alle skattane i Herrens hus og i kongsgarden og braut gullet av alle dei kar som Salomo, Israels-kongen, hadde fått laga til Herrens tempel. Det gjekk som Herren hadde sagt.