1 Då drog Nebukadnesar med heile hæren sin mot Jerusalem. Det var i det niande styringsåret åt Sidkia, den tiande dagen i den tiande månaden. Dei slo leir utfor byen og kasta opp ein voll rundt han.
2 Dei heldt byen kringsett til ellevte styringsåret åt kong Sidkia.
3 Den niande dagen i den fjerde månaden, då hungersnauda var som verst, og folket ikkje hadde meir mat,
4 braut fienden inn i byen. Om natta rømde alle stridsmennene gjennom porten mellom dei to murane, attmed kongshagen, endå kaldearane låg rundt ikring byen. Og kongen tok vegen mot Jordan-dalen.