10 Og heile kaldearhæren, som livvakthovdingen hadde med seg, reiv ned murane kring Jerusalem.
11 Så førte Nebusaradan bort dei som var att i byen, og dei som hadde falle frå og gått over til babylonarkongen, og resten av folket.
12 Berre ein del av småkårsfolket i landet fekk vera att; dei skulle arbeida i vingardane og på åkrane.
13 Kaldearane slo sund bronsesøylene framfor Herrens hus, fotstykka for offerkjelane og bronsehavet som stod der. All bronsen førte dei til Babylonia.
14 Dei tok oskefata og eldskuflene, ljosesaksene og røykjelsesskålene og alle dei andre bronsekara som hadde vore nytta i gudstenesta.
15 Livvakthovdingen tok òg med seg glopannene og offerskålene, alt som var av gull og sølv.
16 I alt det som kong Salomo hadde laga til Herrens hus, dei to søylene, det eine havet og fotstykka, var det så mykje bronse at han ikkje kunne vegast.