21 Og han slo dei i hel der, i Ribla i Hamat-landet. Såleis vart folket i Juda bortført frå landet sitt.
22 Nebukadnesar, kongen i Babylonia, sette Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, til å styra det folket som var att i Juda, dei som han hadde late vera att.
23 Då alle hærførarane og mennene deira fekk høyra at kongen hadde sett Gedalja til styresmann, kom dei til han i Mispa: Ismael, son til Netanja, Johanan, son til Kareah, Seraja, son til Tanhumet frå Netofa, og Ja’asanja, son til ein mann frå Ma’aka. Alle kom dei med mennene sine.
24 Gedalja gjorde eid til dei og mennene deira og sa: «Ver ikkje redde kaldearane! Ver her i landet og ten babylonarkongen, så skal det gå dykk vel.»
25 Men i den sjuande månaden kom Ismael, son til Netanja Elisjamason, som høyrde kongsætta til, og han hadde med seg ti mann. Dei drap Gedalja og dei judearane og kaldearane som var hjå han i Mispa.
26 Då tok alt folket ut, både små og store, og hærførarane med dei. Dei fór til Egypt; for dei var redde kaldearane.
27 I det trettisjuande året etter at Jojakin, Juda-kongen, var bortført, den tjuesjuande dagen i den tolvte månaden, hende det at Evilmerodak, kongen i Babylonia – same året som han vart konge – tok kong Jojakin til nåde og henta han ut or fengslet.