4 braut fienden inn i byen. Om natta rømde alle stridsmennene gjennom porten mellom dei to murane, attmed kongshagen, endå kaldearane låg rundt ikring byen. Og kongen tok vegen mot Jordan-dalen.
5 Men kaldearhæren sette etter kongen og nådde han att på moane ved Jeriko. Då hadde heile hæren rømt frå han og var spreidd.
6 Kaldearane greip kongen og førte han opp til Ribla, til babylonarkongen, som felte domen over han.
7 Han drap sønene til Sidkia medan far deira såg på. Så lét han Sidkia blinda, batt han med bronselekkjer og førte han til Babylon.
8 Den sjuande dagen i den femte månaden – det var i det nittande styringsåret til Nebukadnesar – kom ein av mennene åt babylonarkongen til Jerusalem. Han heitte Nebusaradan og var hovding over livvakta.
9 Nebusaradan sette eld på Herrens hus og kongsgarden. Og alle dei andre husa i Jerusalem brende han, jamvel dei som høyrde stormennene til.
10 Og heile kaldearhæren, som livvakthovdingen hadde med seg, reiv ned murane kring Jerusalem.