6 Kaldearane greip kongen og førte han opp til Ribla, til babylonarkongen, som felte domen over han.
7 Han drap sønene til Sidkia medan far deira såg på. Så lét han Sidkia blinda, batt han med bronselekkjer og førte han til Babylon.
8 Den sjuande dagen i den femte månaden – det var i det nittande styringsåret til Nebukadnesar – kom ein av mennene åt babylonarkongen til Jerusalem. Han heitte Nebusaradan og var hovding over livvakta.
9 Nebusaradan sette eld på Herrens hus og kongsgarden. Og alle dei andre husa i Jerusalem brende han, jamvel dei som høyrde stormennene til.
10 Og heile kaldearhæren, som livvakthovdingen hadde med seg, reiv ned murane kring Jerusalem.
11 Så førte Nebusaradan bort dei som var att i byen, og dei som hadde falle frå og gått over til babylonarkongen, og resten av folket.
12 Berre ein del av småkårsfolket i landet fekk vera att; dei skulle arbeida i vingardane og på åkrane.