8 Den sjuande dagen i den femte månaden – det var i det nittande styringsåret til Nebukadnesar – kom ein av mennene åt babylonarkongen til Jerusalem. Han heitte Nebusaradan og var hovding over livvakta.
9 Nebusaradan sette eld på Herrens hus og kongsgarden. Og alle dei andre husa i Jerusalem brende han, jamvel dei som høyrde stormennene til.
10 Og heile kaldearhæren, som livvakthovdingen hadde med seg, reiv ned murane kring Jerusalem.
11 Så førte Nebusaradan bort dei som var att i byen, og dei som hadde falle frå og gått over til babylonarkongen, og resten av folket.
12 Berre ein del av småkårsfolket i landet fekk vera att; dei skulle arbeida i vingardane og på åkrane.
13 Kaldearane slo sund bronsesøylene framfor Herrens hus, fotstykka for offerkjelane og bronsehavet som stod der. All bronsen førte dei til Babylonia.
14 Dei tok oskefata og eldskuflene, ljosesaksene og røykjelsesskålene og alle dei andre bronsekara som hadde vore nytta i gudstenesta.