2 Joram gjorde det som vondt var i Herrens augo, men bar seg ikkje så ille åt som far og mor hans hadde gjort. Han tok bort den Ba’al-støtta som far hans hadde laga.
3 Men han heldt fast ved dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei vende han seg ikkje bort ifrå.
4 Mesja, kongen i Moab, hadde mykje småfe. Kvart år betalte han Israels-kongen hundre tusen lam og ulla av hundre tusen verar i skatt.
5 Men då Akab døydde, reiv Moab-kongen seg laus frå Israels-kongen.
6 Straks drog kong Joram ut or Samaria og mønstra heile Israel.
7 Så sende han bod til Josjafat, Juda-kongen, og sa: «Kongen i Moab har rive seg laus frå meg. Vil du vera med meg på ei hærferd mot Moab?» Han svara: «Ja, det vil eg; eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»
8 «Kva veg skal vi ta?» spurde Joram. Josjafat svara: «Vegen gjennom øydemarka i Edom.»