5 Men då Akab døydde, reiv Moab-kongen seg laus frå Israels-kongen.
6 Straks drog kong Joram ut or Samaria og mønstra heile Israel.
7 Så sende han bod til Josjafat, Juda-kongen, og sa: «Kongen i Moab har rive seg laus frå meg. Vil du vera med meg på ei hærferd mot Moab?» Han svara: «Ja, det vil eg; eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»
8 «Kva veg skal vi ta?» spurde Joram. Josjafat svara: «Vegen gjennom øydemarka i Edom.»
9 Så tok dei av stad, kongane i Israel, Juda og Edom. Men då dei hadde fare sju dagsleier fram, fanst det ikkje vatn, korkje til hæren eller til dyra som dei hadde med seg.
10 Då sa Israels-kongen: «Å, Herren har visst kalla desse tre kongane saman for å gje dei i hendene på moabittane.»
11 Men Josjafat sa: «Finst det ingen av Herrens profetar her, så vi kan spørja Herren til råds gjennom han?» Ein av mennene åt Israels-kongen svara: «Her er Elisja, son til Sjafat, den tenaren som stod Elia serleg nær.»