11 Ein dag profeten kom dit, tok han inn i takkammeret og la seg der.
12 Så sa han til Gehasi, tenaren sin: «Ropa på denne Sjunem-kvinna!» Han så gjorde, og ho kom bort til han.
13 Elisja sa til han: «Sei til henne: Du har hatt mykje bry for vår skuld. Kva kan eg gjera for deg? Kan eg leggja inn eit godt ord for deg hjå kongen eller hærføraren?» Men ho svara: «Eg bur då midt iblant mitt eige folk.»
14 «Kva kan eg så gjera for henne?» spurde profeten. Gehasi svara: «Ho har ingen son, og mannen hennar er gamal.»
15 Då sa Elisja: «Bed henne koma!» Han så gjorde, og ho kom og vart ståande i døra.
16 Profeten sa: «Til års på denne tid skal du ha ein son i armane.» Men ho svara: «Nei, herre, du som er ein gudsmann, må ikkje narra tenestkvinna di!»
17 Kvinna vart med barn, og året etter, på same tid, fekk ho ein son, som Elisja hadde sagt henne.