15 Då sa Elisja: «Bed henne koma!» Han så gjorde, og ho kom og vart ståande i døra.
16 Profeten sa: «Til års på denne tid skal du ha ein son i armane.» Men ho svara: «Nei, herre, du som er ein gudsmann, må ikkje narra tenestkvinna di!»
17 Kvinna vart med barn, og året etter, på same tid, fekk ho ein son, som Elisja hadde sagt henne.
18 Då guten voks opp, hende det ein dag at han gjekk ut til far sin, som arbeidde saman med onnefolket.
19 Best det var, sa han til faren: «Å, eg har så vondt i hovudet!» Då sa faren til gardsguten: «Ber han heim til mor hans!»
20 Gardsguten lyfte han opp og bar han heim til mora, og guten sat på fanget hennar til middag; då døydde han.
21 Ho gjekk opp og la han på senga til gudsmannen. Så stengde ho døra og gjekk ut.