18 Då guten voks opp, hende det ein dag at han gjekk ut til far sin, som arbeidde saman med onnefolket.
19 Best det var, sa han til faren: «Å, eg har så vondt i hovudet!» Då sa faren til gardsguten: «Ber han heim til mor hans!»
20 Gardsguten lyfte han opp og bar han heim til mora, og guten sat på fanget hennar til middag; då døydde han.
21 Ho gjekk opp og la han på senga til gudsmannen. Så stengde ho døra og gjekk ut.
22 Kona ropa på mannen sin og sa: «Send ein av tenestgutane til meg med eit esel! Eg skal skunda meg til gudsmannen, og så kjem eg att.»
23 Han spurde: «Kvifor vil du fara dit i dag? Det er då korkje nymånedag eller sabbat.» Ho svara: «Lat meg fara likevel!»
24 Så sala ho eselet og sa til tenestguten: «Driv det av garde, og stogga meg ikkje medan eg rid, utan at eg bed deg om det.»