28 Kvinna sa: «Har eg bede deg om ein son, herre? Eg sa då at du ikkje måtte narra meg.»
29 Då sa Elisja til Gehasi: «Spenn beltet om livet, ta staven min i handa og gå av stad! Møter du nokon på vegen, så helsa ikkje på han, og helsar nokon på deg, så svara han ikkje! Du skal leggja staven min over andletet åt guten.»
30 Mor til guten sa: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg går ikkje frå deg!» Då stod profeten opp og fylgde henne.
31 Gehasi fór føre dei og la staven over andletet åt guten. Men det var ikkje ein lyd å høyra, ikkje eit livsteikn å sjå. Så gjekk han attende, og då han møtte Elisja, fortalde han at guten ikkje hadde vakna.
32 Då Elisja kom fram til huset, fekk han sjå at guten låg livlaus i senga.
33 Han gjekk inn og stengde døra, så han vart åleine med guten. Han bad til Herren,
34 og så steig han opp i senga og la seg over guten med munnen mot hans munn, augo mot hans augo og hendene mot hans hender. Då han bøygde seg ned over han, vart kroppen åt guten varm.