35 Så stod han opp og gjekk ein gong att og fram i huset. Då han steig opp i senga att og bøygde seg over guten, naus han sju gonger og slo opp augo.
36 Elisja ropa på Gehasi og sa: «Bed kvinna koma!» Han så gjorde, og ho kom. Då sa profeten: «Ta guten din!»
37 Ho kom og kasta seg ned for føtene hans og bøygde seg med andletet mot jorda. Så tok ho guten sin og gjekk.
38 Elisja fór attende til Gilgal. På den tid var det uår i landet. Ein gong medan profetsveinane sat framfor han, sa han til tenaren sin: «Set over den store gryta og kok mat til profetsveinane!»
39 Då gjekk ein av dei ut på marka og ville sanka etande vokstrar. Han fann ei ranke med ville agurkar. Av dei plukka han så mange at han fekk kappa full. Då han kom inn, skar han dei opp og hadde dei i gryta, utan at nokon visste kva det var.
40 Dei auste opp til mennene og bad dei eta. Men då dei smaka på maten, skreik dei opp og ropa: «Det er død i gryta, gudsmann!» Og dei kunne ikkje eta det.
41 Då sa Elisja: «Henta litt mjøl!» Det hadde han opp i gryta og sa: «Aus no opp til folket, så dei får eta.» Då var det ikkje lenger noko farleg i gryta.