38 Elisja fór attende til Gilgal. På den tid var det uår i landet. Ein gong medan profetsveinane sat framfor han, sa han til tenaren sin: «Set over den store gryta og kok mat til profetsveinane!»
39 Då gjekk ein av dei ut på marka og ville sanka etande vokstrar. Han fann ei ranke med ville agurkar. Av dei plukka han så mange at han fekk kappa full. Då han kom inn, skar han dei opp og hadde dei i gryta, utan at nokon visste kva det var.
40 Dei auste opp til mennene og bad dei eta. Men då dei smaka på maten, skreik dei opp og ropa: «Det er død i gryta, gudsmann!» Og dei kunne ikkje eta det.
41 Då sa Elisja: «Henta litt mjøl!» Det hadde han opp i gryta og sa: «Aus no opp til folket, så dei får eta.» Då var det ikkje lenger noko farleg i gryta.
42 Ein dag kom det ein mann frå Ba’al-Sjalisja. Han hadde med seg brød til gudsmannen, tjue byggbrød som var baka av fyrstegrøda. Nyhausta korn hadde han òg i skreppa. Då sa Elisja: «Gjev det til folket, så dei får eta.»
43 Men tenaren hans sa: «Korleis kan eg setja fram dette for hundre mann?» Han svara: «Gjev det til folket, så dei får eta. For så seier Herren: Dei skal eta og få meir enn nok.»
44 Så sette han det fram for dei. Dei åt, og det vart meir enn nok, som Herren hadde sagt.