6 Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: «Lat meg få eit kar til!» Men han svara: «Her er ikkje fleire.» Då heldt oljen opp å renna.
7 Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: «Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som vert att.»
8 Ein dag gjekk Elisja over til Sjunem. Der var det ei velståande kvinne som nøydde han til å eta hjå seg. Og sidan tok han inn der og fekk seg mat kvar gong han fór den vegen.
9 Ein gong sa ho til mannen sin: «Høyr her! Eg veit at han som støtt kjem innom oss, er ein heilag gudsmann.
10 Lat oss byggja eit lite takkammer til han og setja inn ei seng, eit bord, ein stol og ein ljosestake. Så kan han ta inn der når han kjem til oss.»
11 Ein dag profeten kom dit, tok han inn i takkammeret og la seg der.
12 Så sa han til Gehasi, tenaren sin: «Ropa på denne Sjunem-kvinna!» Han så gjorde, og ho kom bort til han.