1 Na’aman, hærføraren åt aramearkongen, hadde mykje å seia hjå herren sin og var høgt vørd; for med hans hjelp hadde Herren gjeve aramearane siger. Han var ein stor krigar, men han hadde ein hudsjukdom som gjorde han urein.
2 På ei av herjeferdene sine hadde aramearane ein gong ført bort ei lita jente frå Israel. No tente ho hjå kona åt Na’aman.
3 Ein dag sa ho til matmor si: «Berre husbonden min var hjå profeten i Samaria, så skulle han nok gjera han god att av hudsjukdomen.»
4 Na’aman gjekk til herren sin og fortalde han kva jenta frå Israel hadde sagt.
5 Då sa aramearkongen: «Far du dit! Eg skal senda med deg eit brev til kongen i Israel.» Så tok han ut og hadde med seg ti talentar sølv, seks tusen sekel gull og ti festkledningar.
6 Na’aman gjekk fram for Israels-kongen og gav han brevet. Der stod: «Når du får dette brevet, ser du at eg har sendt Na’aman, tenaren min, til deg for at du skal gjera han god att av den sjukdomen han lid av.»