12 Er ikkje elvane ved Damaskus, Abana og Parpar, like gode som alle vassdrag i Israel? Kunne eg ikkje lauga meg i dei og verta rein?» Så snudde Na’aman om og fór bort i fullt sinne.
13 Men tenarane hans kom til han og sa: «Kjære husbond, hadde profeten lagt på deg noko vanskeleg, ville du ikkje då ha gjort det? Kor mykje meir no, når han berre seier til deg: Lauga deg, så vert du rein!»
14 Så gjekk Na’aman ned til Jordan og dukka seg sju gonger i elva, som gudsmannen hadde sagt. Då vart kroppen hans frisk att som kroppen åt ein smågut, og han vart rein.
15 Så fór han attende til gudsmannen med heile fylgjet sitt. Då han kom dit, gjekk han fram for profeten og sa: «No veit eg at det ikkje finst nokon Gud på heile jorda utan i Israel. Gjer vel og ta imot ei gåve av tenaren din!»
16 Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, han som eg tener: Eg tek ikkje imot noko.» Na’aman bad han inntrengjande om å ta imot, men han ville ikkje.
17 Då sa Na’aman: «Når du ikkje vil, så lat tenaren din få så mykje mold som eit par muldyr kan bera. For eg vil aldri meir bera fram brennoffer og slaktoffer til andre gudar, men berre til Herren.
18 Men ein ting må Herren tilgje meg: Når herren min, kongen, går inn i Rimmon-templet for å kasta seg ned og tilbe der, og han stør seg på handa mi, så eg òg kastar meg ned der i Rimmon-templet, då må Herren tilgje meg det.»