15 Så fór han attende til gudsmannen med heile fylgjet sitt. Då han kom dit, gjekk han fram for profeten og sa: «No veit eg at det ikkje finst nokon Gud på heile jorda utan i Israel. Gjer vel og ta imot ei gåve av tenaren din!»
16 Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, han som eg tener: Eg tek ikkje imot noko.» Na’aman bad han inntrengjande om å ta imot, men han ville ikkje.
17 Då sa Na’aman: «Når du ikkje vil, så lat tenaren din få så mykje mold som eit par muldyr kan bera. For eg vil aldri meir bera fram brennoffer og slaktoffer til andre gudar, men berre til Herren.
18 Men ein ting må Herren tilgje meg: Når herren min, kongen, går inn i Rimmon-templet for å kasta seg ned og tilbe der, og han stør seg på handa mi, så eg òg kastar meg ned der i Rimmon-templet, då må Herren tilgje meg det.»
19 Elisja svara: «Far i fred!»Då Na’aman hadde gått frå han og var komen eit stykke på vegen,
20 tenkte Gehasi, som var tenestgut hjå gudsmannen Elisja: «No har husbonden min spart denne aramearen Na’aman og ikkje teke imot det han hadde med seg. Så sant Herren lever: Eg vil springa etter han og få eitkvart av han.»
21 Dermed sette Gehasi av stad etter Na’aman. Då Na’aman såg at det kom ein springande etter han, hoppa han ned av vogna, gjekk imot han og spurde: «Kva er i vegen?»