20 tenkte Gehasi, som var tenestgut hjå gudsmannen Elisja: «No har husbonden min spart denne aramearen Na’aman og ikkje teke imot det han hadde med seg. Så sant Herren lever: Eg vil springa etter han og få eitkvart av han.»
21 Dermed sette Gehasi av stad etter Na’aman. Då Na’aman såg at det kom ein springande etter han, hoppa han ned av vogna, gjekk imot han og spurde: «Kva er i vegen?»
22 «Ikkje noko,» sa Gehasi, «men herren min har sendt meg med dette bodet: To unge profetsveinar frå Efraims-fjella er nett komne til meg. Lat dei få ein talent sølv og eit par festkledningar!»
23 Na’aman svara: «Gjer vel og ta to talentar!» Han nøydde han og knytte to talentar sølv inn i to pungar. Så tok han to festkledningar og gav til to av tenestgutane sine, som bar dei føre Gehasi.
24 Men då dei kom opp på haugen, tok han det frå dei og gøymde det i huset. Så bad han farvel med mennene, og dei fór sin veg.
25 Då Gehasi kom inn og gjekk bort til herren sin, sa Elisja til han: «Kvar kjem du frå, Gehasi?» «Eg har ikkje vore nokon stad,» svara han.
26 Men profeten sa til han: «Trur du ikkje eg var der i ånda då mannen snudde seg frå vogna og gjekk til møtes med deg? Har du no teke imot pengar for å få deg klede, oliventre og vingardar, småfe og storfe, trælar og trælkvinner?