7 Då Israels-kongen hadde lese brevet, reiv han sund kleda sine og sa: «Er eg Gud, så eg rår for liv og død, sidan han sender bod til meg og vil at eg skal gjera han god att av hudsjukdomen? No kan de vel sjå og skjøna at han vil yppa strid med meg!»
8 Men då Elisja, gudsmannen, fekk høyra at kongen hadde rive sund kleda sine, sende han bod til han og sa: «Kvifor har du rive sund kleda dine? Lat mannen koma til meg, så skal han få sanna at det finst ein profet i Israel!»
9 Så kom Na’aman med hestar og vogner og stogga utfor døra til huset åt Elisja.
10 Elisja sende ut ein mann som skulle seia: «Gå ned og lauga deg sju gonger i Jordan! Så vert kroppen din frisk og du rein.»
11 Då vart Na’aman harm og fór sin veg. Han sa: «Eg trudde han ville koma ut til meg, stå fram og kalla på Herren sin Gud og føra handa att og fram over den sjuke staden, så eg vart god att av sjukdomen.
12 Er ikkje elvane ved Damaskus, Abana og Parpar, like gode som alle vassdrag i Israel? Kunne eg ikkje lauga meg i dei og verta rein?» Så snudde Na’aman om og fór bort i fullt sinne.
13 Men tenarane hans kom til han og sa: «Kjære husbond, hadde profeten lagt på deg noko vanskeleg, ville du ikkje då ha gjort det? Kor mykje meir no, når han berre seier til deg: Lauga deg, så vert du rein!»