1 Då sa Elisja: «Høyr Herrens ord! Så seier Herren: I morgon på denne tid skal dei selja ein sea kveitemjøl for ein sekel og to sea byggmjøl for ein sekel på torget i Samaria.»
2 Men våpensveinen som kongen stødde seg til, sa til gudsmannen: «Om så Herren laga luker på himmelen, kunne då ikkje slikt henda!» Elisja svara: «Du skal få sjå det med eigne augo, men du får ikkje eta av mjølet.»
3 Fire menn som leid av hudsjukdom, heldt til utmed byporten. Dei sa seg imellom: «Kvifor skal vi sitja her til vi døyr?
4 Seier vi at vi vil gå inn i byen, må vi døy; for det er hungersnaud der. Og vert vi sitjande her, må vi òg døy. Kom, lat oss gå over til leiren åt aramearane! Lèt dei oss leva, bergar vi livet; og drep dei oss, får vi døy.»