11 Portvaktarane kunngjorde dette, og det vart meldt i kongsgarden.
12 Då stod kongen opp midt på natta og sa til mennene sine: «Eg skal seia dykk kva aramearane har gjort mot oss. Dei veit at vi svelt. Difor har dei teke av stad frå leiren og gøymt seg utpå marka. Dei tenkjer som så: Når israelittane går ut or byen, tek vi dei levande, og så kan vi trengja inn i byen.»
13 Men ein av kongsmennene svara: «Lat nokre av folka dine ta fem av dei hestane som er att i byen. Vi sender dei av stad, så får vi sjå. Det kan ikkje gå dei verre enn alle israelittane som er att i byen, eller alle israelittane som har sett livet til.»
14 Så henta dei to ryttarar, som kongen sende av stad etter aramearhæren. «Far i veg og sjå!» sa han.
15 Dei fylgde etter aramearane radt til Jordan, og heile vegen låg det fullt av klede og våpen som aramearane hadde kasta frå seg då dei rømde. Sendeboda kom att og sa frå om dette til kongen.
16 No drog folket ut og plyndra aramearleiren. Og det gjekk som Herren hadde sagt: Ein sea kveitemjøl vart seld for ein sekel og to sea byggmjøl for ein sekel.
17 Kongen hadde sett den våpensveinen som var hans beste støtte, til å ha oppsyn med byporten. Men folket trakka han i hel i porten. Det gjekk som gudsmannen hadde sagt den gongen kongen kom til han.