16 No drog folket ut og plyndra aramearleiren. Og det gjekk som Herren hadde sagt: Ein sea kveitemjøl vart seld for ein sekel og to sea byggmjøl for ein sekel.
17 Kongen hadde sett den våpensveinen som var hans beste støtte, til å ha oppsyn med byporten. Men folket trakka han i hel i porten. Det gjekk som gudsmannen hadde sagt den gongen kongen kom til han.
18 Då sa han til kongen: «I morgon på denne tid skal dei selja to sea byggmjøl for ein sekel og ein sea kveitemjøl for ein sekel på torget i Samaria.»
19 Då tok våpensveinen til ords og sa til gudsmannen: «Om så Herren laga luker på himmelen, kunne ikkje slikt henda!» Men gudsmannen svara: «Du skal få sjå det med eigne augo, men du får ikkje eta av mjølet.»
20 Og såleis gjekk det. Folket trakka han i hel i porten.