2 Men våpensveinen som kongen stødde seg til, sa til gudsmannen: «Om så Herren laga luker på himmelen, kunne då ikkje slikt henda!» Elisja svara: «Du skal få sjå det med eigne augo, men du får ikkje eta av mjølet.»
3 Fire menn som leid av hudsjukdom, heldt til utmed byporten. Dei sa seg imellom: «Kvifor skal vi sitja her til vi døyr?
4 Seier vi at vi vil gå inn i byen, må vi døy; for det er hungersnaud der. Og vert vi sitjande her, må vi òg døy. Kom, lat oss gå over til leiren åt aramearane! Lèt dei oss leva, bergar vi livet; og drep dei oss, får vi døy.»
5 I skumringa tok dei av stad og gjekk til aramearleiren. Men då dei kom til utkanten av leiren, fanst det ikkje eit menneske der.
6 For Herren hadde laga det så at aramearane høyrde larmen av vogner og hestar, larmen av ein stor hær. Då sa dei seg imellom: «Du skal sjå at Israels-kongen har leigt hetittkongane og egyptarkongane til å strida mot oss!»
7 Så tok dei ut og rømde i skumringa. Dei lét etter seg telta, hestane og esla sine, heile leiren som han stod, og rømde på harde livet.
8 Då mennene med hudsjukdom kom til utkanten av leiren, gjekk dei inn i eit telt, der dei åt og drakk. Dei tok med seg sølv, gull og klede og gjekk bort og gøymde det. Så kom dei attende og gjekk inn i eit anna telt. Der òg tok dei det som var, og gjekk bort og gøymde det.