5 I skumringa tok dei av stad og gjekk til aramearleiren. Men då dei kom til utkanten av leiren, fanst det ikkje eit menneske der.
6 For Herren hadde laga det så at aramearane høyrde larmen av vogner og hestar, larmen av ein stor hær. Då sa dei seg imellom: «Du skal sjå at Israels-kongen har leigt hetittkongane og egyptarkongane til å strida mot oss!»
7 Så tok dei ut og rømde i skumringa. Dei lét etter seg telta, hestane og esla sine, heile leiren som han stod, og rømde på harde livet.
8 Då mennene med hudsjukdom kom til utkanten av leiren, gjekk dei inn i eit telt, der dei åt og drakk. Dei tok med seg sølv, gull og klede og gjekk bort og gøymde det. Så kom dei attende og gjekk inn i eit anna telt. Der òg tok dei det som var, og gjekk bort og gøymde det.
9 Men så sa dei seg imellom: «Det er ikkje rett det vi no gjer. Dette er dagen då vi kan bera gledebod. Teier vi og dryer til det ljosnar i morgon, fører vi skuld over oss. Kom, lat oss gå og seia frå i kongsgarden!»
10 Så gjekk dei og ropa på vakta i byporten. «Vi kom til leiren åt aramearane,» fortalde dei, «og der var det ingen å sjå og ingen å høyra. Men hestane og esla stod bundne, og telta var som dei plar vera.»
11 Portvaktarane kunngjorde dette, og det vart meldt i kongsgarden.