1 Ein dag sa Elisja til mor åt den guten han hadde vekt til live: «Gjer deg ferdig, ta ut med huslyden din og gjev deg til ein annan stad, der det måtte høva. For Herren har kalla på hungersnauda. No kjem ho over landet og skal vara i sju år.»
2 Kona ferda seg til og gjorde som gudsmannen sa: Ho tok ut med heile huslyden sin, og i sju år budde ho i Filistarlandet.
3 Då dei sju åra var lidne, kom kona heim att frå Filistarlandet. Ho gjekk til kongen og ville be om hjelp til å få att huset sitt og jorda si.
4 Kongen tala nett då med Gehasi, som hadde vore tenar hjå gudsmannen, og bad han fortelja om dei store undera Elisja hadde gjort.