12 «Kvifor græt du, herre?» spurde Hasael. Elisja svara: «Fordi eg veit kor mykje vondt du kjem til å gjera israelittane. Du kjem til å setja eld på festningsbyane deira, drepa dei unge mennene deira med sverd, knusa småborna deira og skjera opp kvinner som er med barn.»
13 Hasael sa: «Korleis skulle tenaren din, ein hund som eg, gjera så store ting?» Elisja svara: «Herren har late meg sjå deg som konge over aramearane.»
14 Så skildest dei, og Hasael gjekk heim til herren sin. «Kva sa Elisja til deg?» spurde kongen. Hasael svara: «Han sa at du kjem til å leva.»
15 Men dagen etter tok Hasael eit klede, duppa det i vatn og breidde det over andletet hans, og han døydde. Og Hasael vart konge etter han.
16 I det femte året Joram, son til Akab, var konge i Israel, vart Joram, son til Josjafat, konge i Juda, medan far hans endå styrte der.
17 Joram var trettito år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år.
18 I si ferd var han som dei andre Israels-kongane. Han levde som Akabs ætt hadde gjort. For han var gift med ei dotter til Akab, og han gjorde det som vondt var i Herrens augo.