15 Men dagen etter tok Hasael eit klede, duppa det i vatn og breidde det over andletet hans, og han døydde. Og Hasael vart konge etter han.
16 I det femte året Joram, son til Akab, var konge i Israel, vart Joram, son til Josjafat, konge i Juda, medan far hans endå styrte der.
17 Joram var trettito år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år.
18 I si ferd var han som dei andre Israels-kongane. Han levde som Akabs ætt hadde gjort. For han var gift med ei dotter til Akab, og han gjorde det som vondt var i Herrens augo.
19 Men for Davids skuld ville Herren ikkje øydeleggja Juda; for han hadde lova David, tenaren sin, at det alltid skulle lysa ei lampe for han og sønene hans.
20 I Jorams tid reiv Edom seg laus frå Juda og tok seg ein konge.
21 Då drog Joram over til Sa’ir med alle stridsvognene sine. Han tok ut om natta og slo edomittane, som hadde omringa han og førarane for stridsvognene. Men hæren rømde og fór heim.