18 I si ferd var han som dei andre Israels-kongane. Han levde som Akabs ætt hadde gjort. For han var gift med ei dotter til Akab, og han gjorde det som vondt var i Herrens augo.
19 Men for Davids skuld ville Herren ikkje øydeleggja Juda; for han hadde lova David, tenaren sin, at det alltid skulle lysa ei lampe for han og sønene hans.
20 I Jorams tid reiv Edom seg laus frå Juda og tok seg ein konge.
21 Då drog Joram over til Sa’ir med alle stridsvognene sine. Han tok ut om natta og slo edomittane, som hadde omringa han og førarane for stridsvognene. Men hæren rømde og fór heim.
22 Edomittane reiv seg laus frå Juda, og har styrt seg sjølve til denne dag. På same tid reiv Libna seg laus.
23 Det som elles er å seia om Joram og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.
24 Joram gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd hjå dei i Davids-byen, og Akasja, son hans, vart konge etter han.