25 I det tolvte året Joram, son til Akab, var konge i Israel, vart Akasja, son til Joram, konge i Juda.
26 Akasja var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i eitt år. Mor hans heitte Atalja og var dotter til Israels-kongen Omri.
27 I si ferd var Akasja som kongane av Akabs ætt. Liksom dei gjorde han det som vondt var i Herrens augo; for han var knytt til Akabs-ætta ved giftarmål.
28 Saman med Joram Akabsson gjorde Akasja ei hærferd mot aramearkongen Hasael og stridde mot han ved Ramot i Gilead. Men Joram vart såra av aramearane.
29 Så fór kong Joram heim att til Jisre’el, han ville få lækt dei såra som aramearane hadde gjeve han ved Ramot då han stridde mot kong Hasael. Og Akasja Joramsson, Juda-kongen, drog ned til Jisre’el og ville sjå om Joram Akabsson, medan han låg sjuk.