6 Kongen spurde kona ut, og ho fortalde. Så sende han ein av hoffmennene med henne og sa: «Syt for at ho får att alt det som høyrer henne til, og alt det som er hausta på jorda hennar frå den dagen ho fór frå landet, og til no.»
7 Ein gong kom Elisja til Damaskus medan Benhadad, aramearkongen, låg sjuk. Då kongen fekk melding om at gudsmannen var komen,
8 sa han til Hasael: «Ta med deg ei gåve og gå og møt gudsmannen! Bed han spørja Herren om eg skal koma meg av denne sjukdomen!»
9 Hasael gjekk til møtes med Elisja og hadde med seg ei gåve av det beste som fanst i Damaskus, så mykje som førti kamelar kunne bera.Då han steig fram for profeten, sa han: «Son din, Benhadad, kongen i Aram, sender meg til deg og spør om han skal koma seg av denne sjukdomen.»
10 Elisja svara: «Gå og sei til kongen at han skal koma seg. Men Herren har synt meg at han skal døy.»
11 Gudsmannen stirte lenge på han. Så tok han til å gråta.
12 «Kvifor græt du, herre?» spurde Hasael. Elisja svara: «Fordi eg veit kor mykje vondt du kjem til å gjera israelittane. Du kjem til å setja eld på festningsbyane deira, drepa dei unge mennene deira med sverd, knusa småborna deira og skjera opp kvinner som er med barn.»