18 Ryttaren reid til møtes med dei og ropa: «Kongen spør: Kjem de i fredeleg ærend?» Jehu svara: «Kva skil det deg? Snu om og fylg etter meg!» Då sa vaktmannen frå: «Bodberaren har nått fram, men han kjem ikkje attende.»
19 Så sende kongen ein annan ryttar. Då han kom fram til dei, ropa han: «Kongen spør om de kjem i fredeleg ærend.» Jehu svara: «Kva skil det deg? Snu om og fylg etter meg!»
20 Vaktmannen sa frå: «Han har nått fram til flokken, men kjem ikkje att. Når ein ser korleis dei køyrer, skulle ein tru det var Jehu Nimsjison. For han køyrer som ein galen!»
21 Då sa Joram: «Spenn føre!» Og dei spente føre vogna hans. Så køyrde dei ut i kvar si vogn, Joram, kongen i Israel, og Akasja, kongen i Juda. Dei køyrde mot Jehu og møtte han på den marka som hadde høyrt Nabot frå Jisre’el til.
22 Med det same Joram fekk auga på Jehu, ropa han: «Kjem du i fredeleg ærend, Jehu?» Han svara: «Korleis kan du tala om fred så lenge Jesabel, mor di, held på med sin horelivnad og sine mange trolldomskunster?»
23 Då drog Joram i taumen, snudde og rømde, og han ropa til Akasja: «Det er svik, Akasja!»
24 Men Jehu spente bogen, og han råka Joram mellom armane, så pila gjekk rett gjennom hjarta, og han seig saman i vogna.