21 Då sa Joram: «Spenn føre!» Og dei spente føre vogna hans. Så køyrde dei ut i kvar si vogn, Joram, kongen i Israel, og Akasja, kongen i Juda. Dei køyrde mot Jehu og møtte han på den marka som hadde høyrt Nabot frå Jisre’el til.
22 Med det same Joram fekk auga på Jehu, ropa han: «Kjem du i fredeleg ærend, Jehu?» Han svara: «Korleis kan du tala om fred så lenge Jesabel, mor di, held på med sin horelivnad og sine mange trolldomskunster?»
23 Då drog Joram i taumen, snudde og rømde, og han ropa til Akasja: «Det er svik, Akasja!»
24 Men Jehu spente bogen, og han råka Joram mellom armane, så pila gjekk rett gjennom hjarta, og han seig saman i vogna.
25 Då ropa Jehu til Bidkar, våpensveinen sin: «Ta og kast han inn på den marka som høyrde Nabot frå Jisre’el til. Kom i hug korleis eg og du reid side om side etter Akab, far hans, den gongen Herren tala dette domsordet mot han:
26 Sanneleg, i går såg eg blodet åt Nabot og sønene hans, lyder ordet frå Herren. Og det vil eg gje deg lika for på denne marka, seier Herren. Ta no og kast han inn på marka, som Herren har sagt.»
27 Då Akasja, Juda-kongen, såg det, rømde han og tok vegen til hagehuset. Men Jehu sette etter han og ropa: «Slå han ned, han òg!» Og det gjorde dei medan han sat i vogna si, i Gur-kleiva ved Jibleam. Han rømde til Megiddo, og der døydde han.