30 Så kom Jehu til Jisre’el. Då Jesabel høyrde det, sminka ho seg kring augo, pynta seg på hovudet og såg ut gjennom vindauga.
31 Då Jehu kom inn gjennom porten, ropa ho: «Kjem du i fredeleg ærend, du Simri som har drepe herren din?»
32 Jehu såg opp mot vindauga og sa: «Er det nokon her som held med meg?» Då to – tre hoffmenn såg ut gjennom vindauga,
33 ropa han: «Kast henne ned!» Og dei kasta henne ned, så blodet spruta opp etter veggen og på hestane, som trødde henne under fot.
34 Så gjekk Jehu inn. Då han hadde ete og drukke, sa han: «Sjå til å få denne forbanna kvinna i jorda! Ho var då ei kongsdotter.»
35 Men då dei kom og skulle gravleggja henne, fann dei ikkje anna enn hovudskallen, føtene og hendene.
36 Dei gjekk attende og fortalde dette til Jehu. Då sa han: «No er det oppfylt, det ordet som Herren tala gjennom tenaren sin, Elia frå Tisjbe, då han sa: På Jisre’el-marka skal hundane eta opp kroppen åt Jesabel.