4 Så gjekk sveinen, den unge profeten, til Ramot i Gilead.
5 Då han kom fram, såg han hærførarane sitja der saman. «Eg har noko å seia deg, hærførar,» sa han. «Kven av oss gjeld det?» spurde Jehu. «Deg, hærførar,» svara han.
6 Då reiste Jehu seg og gjekk inn i huset. Profeten rende olje ut over hovudet hans og sa til han: «Så seier Herren, Israels Gud: Eg har salva deg til konge over Herrens folk, over Israel.
7 Du skal gjera ende på ætta åt Akab, herren din. Eg vil ta hemn på Jesabel for drapet på profetane, tenarane mine, alle Herrens tenarar som leid døden.
8 Heile Akabs ætt skal gå til grunne. Eg vil rydja ut alle mannfolk, både store og små, or Akabs ætt i Israel.
9 Eg vil gjera like eins med Akabs ætt som eg gjorde med ætta åt Jeroboam Nebatsson og med ætta åt Basja Akiason.
10 Og Jesabel skal hundane eta opp på Jisre’el-sletta; ingen skal gravleggja henne.» Så opna profetsveinen døra og rømde sin veg.