8 Heile Akabs ætt skal gå til grunne. Eg vil rydja ut alle mannfolk, både store og små, or Akabs ætt i Israel.
9 Eg vil gjera like eins med Akabs ætt som eg gjorde med ætta åt Jeroboam Nebatsson og med ætta åt Basja Akiason.
10 Og Jesabel skal hundane eta opp på Jisre’el-sletta; ingen skal gravleggja henne.» Så opna profetsveinen døra og rømde sin veg.
11 Då Jehu kom ut til kongsmennene, spurde dei han: «Står det bra til? Kva ville han deg, denne galne mannen?» Han svara: «De kjenner då både han og pratet hans!»
12 Men dei sa: «Det er lygn! Sei oss kva det var!» Då fortalde han kva mannen hadde sagt til han: «Så seier Herren: Eg har salva deg til konge over Israel.»
13 Då skunda dei seg, tok kvar si kappe og la under han på troppestega. Så bles dei i horn og ropa: «Jehu er konge!»
14 Såleis fekk Jehu, son til Josjafat Nimsjison, i stand ei samansverjing mot kong Joram. Joram hadde lege ute med heile Israels-hæren og forsvart Ramot i Gilead mot aramearkongen Hasael.