1 Høyr dette ordetsom Herren har talamot dykk, de Israels søner,mot heile den ættasom eg førte opp ¬frå Egyptarlandet:
2 Berre dykk ville eg ¬kjennast vedmellom alle folk på jorda.Difor krev eg dykk ¬til rekneskapfor alle syndene dykkar.
3 Går vel to i lagnår dei ikkje har vorte samde ¬om det?
4 Brøler løva i skogennår ho ikkje har funne rov?Brummar ungløva i hola sinår ho ikkje har fanga noko?
5 Fell ein fugl i ei snare på markanår ingen har sett ¬ei snare for han?Sprett ei felle opp frå markautan at ho har fanga noko?
6 Gjallar vel hornet i ein byutan at folket skjelv av redsle?Eller hender det ei ulukke ¬i byenutan at Herren har gjort det?
7 For Herren Gud gjer ikkje nokoutan at han har openberra ¬sitt rådfor tenarane sine, profetane.