5 Fell ein fugl i ei snare på markanår ingen har sett ¬ei snare for han?Sprett ei felle opp frå markautan at ho har fanga noko?
6 Gjallar vel hornet i ein byutan at folket skjelv av redsle?Eller hender det ei ulukke ¬i byenutan at Herren har gjort det?
7 For Herren Gud gjer ikkje nokoutan at han har openberra ¬sitt rådfor tenarane sine, profetane.
8 Når løva brøler,kven må ikkje reddast då?Når Herren Gud har tala,kven må ikkje då ¬tala profetord?
9 Rop ut over borgene i Asjdod,over slotta i Egypt, og sei:Kom saman på Samaria-fjella!Sjå redsla og rådløysa i byenog den valdsferd som der rår!
10 Dei har ikkje vit ¬til å gjera det rette,lyder ordet frå Herren,dei dyngjer opp vald og ran ¬i sine slott.
11 Difor seier Herren Gud:Fiendar skal kringsetja landet,di sterke festning ¬skal rivast ned,og borgene skal plyndrast.