1 Høyr dette ordet, ¬Israels ætt,ein klagesong ¬som eg syng om deg!
2 Ho er fallen ¬og reiser seg aldri meir,Israel, den unge møy.Ho ligg der ¬bortslengd på si jord,og ingen reiser henne opp.
3 For så seier Herren Gud:Den byen som sender ut ¬tusen mann,får berre hundre att,og den som sender ut ¬hundre mann,får berre ti att – i Israels ætt.
4 Så seier Herren til Israels ætt:Søk meg, så skal de leva!