1 Høyr dette ordet, ¬Israels ætt,ein klagesong ¬som eg syng om deg!
2 Ho er fallen ¬og reiser seg aldri meir,Israel, den unge møy.Ho ligg der ¬bortslengd på si jord,og ingen reiser henne opp.
3 For så seier Herren Gud:Den byen som sender ut ¬tusen mann,får berre hundre att,og den som sender ut ¬hundre mann,får berre ti att – i Israels ætt.
4 Så seier Herren til Israels ætt:Søk meg, så skal de leva!
5 Søk ikkje til Betel,kom ikkje til Gilgal,og far ikkje over til Be’er-Sjeba!For folket i Gilgal ¬skal førast bort,Betel skal verta ¬uhyggjeleg audt.
6 Søk Herren, så skal de leva!Elles kjem han som eld ¬over Josefs ætt;elden øyder,og det er ingen i Betel ¬til å sløkkja.
7 Dei gjer retten om til malurtog kastar rettferda til jorda.