11 De trakkar småkårsfolk nedog krev korn i avgift av dei.Difor skal de ikkje få bui dei hus de har bygt ¬av tilhoggen stein,og ikkje få drikka vinfrå dei herlege vingardar ¬de har planta.
12 For eg veit ¬at dykkar brot er mangeog dykkar synder utan tal,de som forfylgjer ¬skuldlaust folk,lèt dykk kjøpa for pengarog driv fattigfolk bort ¬frå retten.
13 Difor teier den kloke ¬i denne tid;for ei vond tid er det.
14 Legg vinn på det gode ¬og ikkje det vonde,så de får leva!Då skal Herren, Allhærs Gud,vera med dykk, som de seier.
15 Hata det vonde ¬og elska det gode,hald retten høgt på tinget!Så vil kanskje Herren, ¬Allhærs Gud,vera nådig mot Josefs rest.
16 Difor seier Herren,Herren, Allhærs Gud:På alle torg skal lik-klage lyda,i alle gater skal dei ropa: «Ve!»Dei skal henta bonden ¬til syrgjehøgtid,senda bod på folk ¬som kan gråta og klaga.
17 I alle vingardar skal dei jamranår eg skrid fram ¬imellom dykk,seier Herren.