3 Då endra Herren sitt forsett.«Det skal ikkje henda,» ¬sa Herren.
4 Dette synet ¬lét Herren Gud meg sjå:Herren Gud kalla elden til strid.Han slukte det store havdjupetog heldt på å eta opp landjorda.
5 Då sa eg: ¬«Hald opp, Herre Gud!Korleis kan Jakob berga livet,så liten som han er?»
6 Då endra Herren sitt forsett.«Heller ikkje det skal henda,» ¬sa Herren Gud.
7 Dette synet lét han meg sjå:Herren stod på ein mur,og i handa hadde han ¬eit blylodd.
8 Og Herren sa til meg:«Kva ser du, Amos?»Eg svara: «Eit blylodd.»Då sa Herren: ¬«No senkar eg loddetmidt i Israel, folket mitt.Eg vil ikkje lenger ¬ha tol med det.
9 Isaks offerhaugar skal øydast,og Israels heilagdomar ¬siga i røys.Eg vil reisa meg med sverd ¬mot Jeroboams hus.»